Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Gamle brannbilar
Joda, brannbilen vår på Jøsneset frå 1970 (til høgre) er med å dra snittalderen på norske brannbilar i feil retning. Men visste du at me i Hjelmeland har den eldste i Norge, den vesle raude til venstre frå 1954, les meir HER !! Rett nok er den ikkje i ordinær beredskap, men den sviv og blir stadig brukt i 17-mai toga. Vår brannbil er derimot i beredskap - og brannfolka i bygda er jamnleg ute å luftar den Les meir om brannbilane i Hjelmeland og resten av Norge i VG. Bildet er frå branngarasjen på Jøsneset litt tidlegare i haust; brannsjef Tor Årsmund Hovda. Foto VG-Nett.
Nå er den her igjen: JULETREFESTEN!!
Etter ein liten festpause, er den atter her igjen: JULETREFESTEN !
Laurdag 29. desember kl 16.00, Jøsneset Skule, kr 20,-
Marta Eiane talar. Nissen kjem, Me svingar oss rundt treet, enkel servering, quis og leiker.
Sjå PLAKATEN og øv på julesangane
Ny tømmedag etter nyttår
RYMI melder at det blir ny tømmedag for søppel etter nyttår. Frå og med 1. januar 2013 er Jøsneset på rute 6, og tømmedagen vil bli MANDAGAR i PARTALLSVEKER.
NB: tømmedagen kan endrast ved fri-og heilagdagar. Sjå tømmekalender 2013.
Josè og Malena i musikals samspel
Les om Josè Altamirano t.h og dottera Malena t.v i papirutgåva av Strandbuen fred 14.12.
Saman med ei ung somalisk kvinne frå Suldal, framførte dei argentinsk, italiensk og somalisk musikk og song i same konsert i Årdal.
Julevolleyball-turnering
Siste onsdagstrening før jul blir ONSDAG 19.desember kl 19.00 (NB) - 22.00 - me satsar då på så bra frammøte at me kan lage til ei lita turnering !!!
Det blir òg litt knask og drikke - som ein kan kose seg med innimellom slaga !
Møt opp - still lag - gi alt !!
Resultatliste følgjer